Det har blitt tradisjon for Ulstein LAN kvar haustferie og vinterferie i Ulstein. Då dei opna dørene til Hasund grendahus klokka seks i kveld hadde dei ivrigaste stått utanfor døra i ein time og venta, fortel Simon Gjerde Tonev som er i mediegruppa til arrangørane.

Datatreffet varer til laurdag.

God påmelding

Det er 159 som har meldt seg på dette treffet. Då Vikebladet Vestposten var innom i åtte-tida i kveld (tysdag) var der 137 ungdomar som var på plass. Ja, me skriv ungdomar. Treffet har aldersgrense 13 år. Dei fleste var ungdomar, så er det nokre som er litt eldre enn dei yngste.

Dei har plass til 176, så det er framleis ikkje for seint å hive seg med.

- Det er nokre jenter her også?

- Ja, her er mange jenter, svarer Tonev, som vil anslå at der kjem 10-20 jenter.

Veldig sosialt

Tonev kan opplyse om at der er veldig sosialt å vere på Ulstein LAN. Ein bruker kanskje berre tjue prosent av tida på å sitje framfor skjermen for å spele. Elles snakkar ein med folk i kiosken, ser på film i lag med andre eller stikk i lag ned på butikken og handlar.

Der er høve for å sove der, men det er strenge reglar om at det ikkje er lov til å liggje over tastaturet å sove. Om nokon sovnar slik, kjem det nokon å vekkjer dei. Ein del dreg også heim innimellom for å sove.

- Her er folk som held ut heile veka, dei som er veldig entusiastiske, seier Tonev som ikkje har tenkt å vere der heile tida sjølv.

- Her er ein veldig bra kiosk, det er viktig. Me har gode kokkar som sel heimelaga mat, fortel Tonev.

Fleire konkurransar

Det blir fleire konkurransar på Ulstein LAN for dei som deltek. Både spel-konkurransar og ulike konkurransar på scenen. Konkurransane på scenen er utfordrande og laga for at både dei som ser på og deltek skal ha det moro.

Premieutdeling er klokka to natt til laurdag.

Han meiner at interessa for slike LAN er på veg oppover. Det er veldig kjekt å vere på slike treff og der er godt samhald. Folk blir kjende med kvarandre. Her er deltakarar frå Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Ørsta, Volda og Ålesund.

Den første som kom inn døra

Audun Elvanes (16) fortel til Vikebladet Vestposten at han var den første som kom inn døra. Dette er hans femte Ulstein LAN. Han har vore nede på butikken og handla ein stor bærepose med brus, for det meste Cola. Planen hans er å vere der heile veka.

- Kva er det som er så kjekt med å vere på LAN?

- Det er det sosiale. Det å møte folk som eg til vanleg ikkje ser utanom LAN, svarer Elvanes.

Her kan du sjå direkte frå Ulstein LAN 2014