Dei siste dagane har den første snøen kome fleire stader i Noreg. Det byrjar å bli på tide å skifte over til vinterdekk. Ikkje alle veit at dei er pliktige til å køyre med vinterdekk om føret krev det.

Ein del bilistar ventar til snøen kjem før dei skiftar. Men sjølv om teperaturen framleis er på plussida, kan det om hausten leggje seg eit tynt islag på vegane, spesielt ved bruer og elveleier. Køyrer du då på sommardekk er du ille ute, varslar Fredrik Hauge, produktsjef ved Nokian Dekk Norge.

I Sør– og Midt-Noreg kan ein bruke piggdekk eller kjetting frå 1. november til første måndag etter 2. påskedag. I Nordland, Troms og Finnmark er samme periode 15. oktober til 1. mai. Men du som bilist har ansvar for din eigen, og passasjerane sin tryggleik.

– Om du er utanfor vinterdekkperioden og føret krevjer vinterdekk med eller utan piggar, både kan og skal du bruke det, seier Hauge.

Har du piggfrie vinterdekk er det ingen grenser for når du kan ta dei i bruk. Men du bør berre bruke dei om vinteren, då piggfrie vinterdekk har dårlegare bremse- og vassplanningseigenskapar enn sommardekk.