I følgje bladet Kommunal Rapport tok vikarar ut 16 prosent av dei samla lønsutbetalingane i Hareid kommune i perioden 2011-13. Ingen andre norske kommunar hadde ein så høg prosentdel.

På dei to neste plassane kjem Hof og Kvinesdal kommunar med 15 prosent.

Ulstein kjem også høgt på lista med sine 13 prosent.

Birkenes kommune har den lågaste vikar-bruken. Berre 3 prosent av samla lønsutbetalingar der gjekk til vikarar. Her på Sunnmøre har Stranda lågast vikarbruk med 4 prosent.

Grytten seier til Kommunal Rapport at stillingsstoppen i 2011 førte til ein del bruk av vikarar for å fylle turnusane i omsorgssektoren. Men han trur at vikarbruken no er på veg ned etter at politikarane i Hareid nyleg tillet at han kunne opprette fire nye stillingar i den same omsorgssektoren.

På spørsmål om kor fornuftig det er med så høg vikar-del svarar Grytten at det i alle fall aukar medvitet om at kommunen må spare pengar. Han viser til at lønskostnadene ikkje har stige sidan 2011, målt i 2014-kroner.

Når det gjeld Arbeidsmiljølova sin paragraf om avgrensing av bruken av midlertidig tilsette seier Grytten at Hareid kommune forsøker så godt dei kan å følgje opp paragrafen. Han minner også om at ein stor del av vikaroppdraga blir utført av fast tilsett som tek på seg ekstravakter.

I Birkenes kommune, som også har dårleg kommuneøkonomi, har dei gitt melding om at vikarar berre skal setjast inn når det er nødvendig for å sikre ei lovleg og forsvarleg drift. For å sikre kvalitet og forutseieleg drift har dei oppretta eit system med fast tilsette vikarar. Det vil seie at den planlagde grunnbemanninga deira er noko høgare enn strengt teke nødvendig.  Tanken er at dette gir oss betre kvalitet og effektivitet  og rett og slett er billegare og betre, seier rådmann Gro Anita Trøan.

Kommunal Rapport gjer merksam på at kommunar som leiger inn vikarar gjennom byrå kjem kunstig lågt ut på statistikken fordi desse blir rekneskapsførde som «kjøp av tenester».