Overrekkinga av pengane skjedde symbolsk på rådhustrappa fredag der lærar Odd Arne Vikebakk fortalde korleis innsamlinga hadde foregått. Elevrådsrepresentantar frå dei to klassestega stod i «giv akt» og høyrde Vikebakk fortelje at 8.-klassingane hadde arrangert joggedag med personlege sponsorar per løpt kilometer, medan 9.-klassingane hadde gått på dørene og samla flasker.

– I gjennomsnitt har det vore  samla inn kr. 280,- pr. elev, slå den! sa Vikebakk.

Ordførar Anders Riise takka elevane for innsatsen og sa seg glad for at dei hadde løfta blikket frå kvardagsproblema her  heime og sett kor viktig det er at alle menneske har tilgang på reint vatn, som er TV-aksjonen sitt føremål.

– Vi tek det som noko sjølvsagt her hos oss, men for mange er reint vatn svært vanskeleg å få tak i. Han viste då til ei kvinne som to gonger om dagen måtte gå lange distansar for å hente vatn til familien.

Det store tilskotet frå ungdomsskuleelevane er berre eitt av fleire tilskot til TV-aksjonen i Hareid. Ordføraren opplyste at også barneskulane og barnehagane har hatt aksjonar.

– Vi har vorte betre og betre for kvart år, sa han om gjevarviljen og fortalde at hovudinnsamlinga skjer søndag når bøsseberarane går rundt på dørene.

Det foregår også ein «gjevarstafett» innan næringslivet.