Sunnmøre politidistrikt melder på Twitter at det har vore ei trafikkulukke, og at naudetatane er på veg til staden.

Augevitne fortel at det skal vere to personar på motorsykkel som skal vere skadd etter ulukka.

Sunnmøre politidistrikt melder via sin Twitter-konto at ein buss skal ha vore involvert i ulukka.

Politiet på staden har gjennomført intervju med vitne til ulukka, men har endå ikkje fullt overblikk over situasjonen. Dei fortel at to personar som begge sat på ein motorsykkel er frakta til legevakt med ambulanse etter ein kollisjon med ein buss. Det er ikkje klart kva omfang det er på skadene.

For trafikken som kjem frå Hareidssida må ein midlertidig køyre opp innkøyringa ved Ulstein vidaregåande skule. Trafikken frå Ulsteinsida går som normalt.