Då Ansgar Aarland og kona Margit Sundgot Aarland las Vikebladet Vestposten sist laurdag kjende dei seg igjen i innbyggjarane på Ytre Dimna som var overkøyrde av kommunen. Aarland er ikkje fornøgde med framferda til kommunen på Sundgot.

«Særleg vakkert kulturlandskap»

Margit S. Aarland stammar frå Martingarden på Sundgot. Då paret ville skilje seg ut ei tomt for å byggje hus, var det så vidt dei fekk lov til det. Dei måtte halde seg innafor strenge byggjereglar. Teknisk sjef, Arne Runar Vik, skal ha vore kritisk til at eit 60 cm utspring på sørsida av huset til Aarland skulle bli for dominerande i det han kalla eit «særleg vakker kulturlandskap».

Ekteparet sette i grunnen pris på at kommunen var strenge med å ta vare på estetikken i området. Huset deira vart bygt i 2001, året etter flytta dei inn. Men mykje har skjedd med det «vakre kulturlandskapet» sidan den gong.

Fleirmannsbustader i fleng

Det har kome til 30 nye bueiningar på Sundgot, og fleire skal det bli.

I 2008 starta det opp ei omregulering som opna for utbygging. Det har kome fleire firemannsbustader. På ei tomt er det ført opp to firemannsbustader, slik har utbyggjar unngått kravet om kor mange meter som skal vere mellom husa.

Smal veg

Vegen mellom husa er smal. På det smalaste er vegen 3,83 meter, seier Aarland. Han har funne ut at vegen skal vere 6 meter brei for å halde normal standard. Kommunen svarer at det er inkludert vegskulder.

Byggjetrinn 2

Tømrer Service As vil føre opp fleire hus på Sundgot. Det var først snakk om ni einebustader, men så ville dei føre opp 17 bueiningar i staden. Etter påtrykk frå Aarland kom teknisk utval på synfaring i juni i fjor. Etter synfaringa vedtok utvalet at dei ikkje vil la utbyggjar byggje fleirmannsbustad også her.

Spel for galleriet

Ekteparet Aarland har kome med innspel til kommunen heile vegen, men synest ikkje dei blir høyrt, sjølv når dei har gode argument.

Når dei vender seg til kommunen er det ikkje alltid dei får svar, og får dei svar kan det ta lang tid. Trege svar gjer det vanskeleg for dei å halde fristar når dei skal kome med innspel.

– Einskildpersonar og små gruppe blir avviste, medan kommunen legg seg flat for «pengemakt», meiner Aarland som synest kommunen tek for mykje omsyn til kva som vil løne seg for utbyggjar.

Ein grunneigar

Etter teknisk utval hadde vore på synfaring til Sundgot vart det bestemt at det skulle vere eit møte mellom grunneigarar, utbyggjar og kommune for å diskutere vegløysing. Men berre ein grunneigar vart kalla inn til det møtet.

– Det blir eit spel for galleriet. Dei gjennomfører møtet berre for å ha gjort det, kommenterer Aarland.

Ikkje nok informerte

Aarland hevdar medlemene i teknisk utval ikkje blir godt nok informerte. Dei kjenner ikkje detaljar som fartsgrense, vegstandard, stoppsikt o.l. Etter vedtak er fatta skuldar administrasjonen på at vedtaket er lovleg fatta.

– Men kor lovleg er vedtaket når dei som har gjort vedtaket ikkje har godt nok innsyn, undrar Aarland.