– Du skal tidlegare har omtala det aktuelle området på Sundgot som «Særleg vakkert kulturlandskap». Kvifor tillet du då massiv utbygging av området?

– I samband med arbeidet med arealdelen av kommuneplanen (vedtak juni 2011), var det sagt og skrive at området kring Garsholhølen er eit «særleg vakkert kulturlandskap». Det er godt mogeleg at også det regulerte og delvis utbygde området vi her snakkar om har vore skildra på same måten.   Av og til vert det bestemt at flotte kulturlandskap skal nedbyggjast, og det skjedde her gjennom ein omfattande reguleringsplanprosess som starta i 2006 som leidde fram til planvedtak i oktober 2010, svarer Arne Runar Vik.

Tre røysta imot

For å gje eit visst innblikk i prosessen og kva som låg til grunn for saka, sender han Vikebladet Vestposten saksframlegget for teknisk utval/kommunestyret.

Privat framlegg til reguleringsplan vart etter nokre endringar lagt ut til offentleg ettersyn i 2008. Det vart gjeve 7 uttalar til framlegget frå ulike instansar, der både vegvesenet og fylket reiste motsegn. I tillegg kom det 8 merknader frå oppsitjarar. Vegvesenet si motsegn var knytt til gangveg, fylket krev arkeologisk registrering. Registreringa vart gjennomført og det vart utarbeidd nye planar som var ute på høyring. Det kom også inn merknader frå naboar til desse planane.

Oddvar Gjerde (Senterpartiet) ville ikkje godkjenne planane. Han meinte kommunen ikkje bør bruke dyrka mark til utbygging. Men framlegget hans fekk berre tre røyster i kommunestyret og fall (2010).

– Godt kjende med regelverket

– Er medlemene i teknisk utval godt nok opplyste før dei fattar vedtak, når dei til dømes ikkje blir gjort merksame på kva måte utnyttingsgraden er rekna ut?

– Ja, eg meiner dei er godt kjende med regelverket. Graden av utnytting i dette feltet er fastlagt på same måte som i dei aller fleste regulerte bustadområde i kommunen.

– Kvifor vart berre ein grunneigar kalla inn til møtet for å diskutere vegløysing?

– Dette er i tråd med intensjonen i vedtaket til teknisk utval som sa at det skulle haldast møte.

– Kva seier du til påstanden om at Ulstein kommune legg seg flat for pengemakta?

– Det er eg ikkje einig i, svarer kommunalsjefen.