Kristian Nedregård og Sølvi Løvøy hadde dei beste tidene i Snipsøyrvatnet Rundt laurdag. Og trioen André Gjerde, Bjørn Harald Harkjerr og Berge Hjørungnes deltok for 35. gong på rad.

44 løparar stilte til starti eit stille, litt kjølig vêr. Like etter at startskotet gjekk begynte det å småregne.

Ålesundaren Kristian Nedregård gjekk tidleg i front og fekk dagens suverent beste tid – 42.03. Bak han i herreklassa vart det litt plundring mot slutten: Gjermund Midtbø, voldastudent frå Bø i Telemark, låg som klar nummer to i feltet då han følgde ei Nordvest Maraton-pil i Kaldholkrysset, d.v.s. at han begynte å springe nedover mot Hareid i Grimstadvatnet Rundt-traseen. Martion Hauge Nilsen, som kom bak Midtbø, ropte telemarkingen tilbake på rett kurs. Slutt-tida til Midtbø – 47.03 – hadde nok vore nærare eit minutt betre om han ikkje hadde løpt feil.

Haugen Nilsen kom i mål på 46.56.

To hareidsjoggarar kom denne gongen under 50 minutt: Jan Endre Rise betra persen med to minutt og kom i mål på 48.33, medan Joar Gjerde braut målstreken på 49.51.

Det var svært få deltakarar i kvinneklassa denne gongen. Sølvi Løvøy vart best på 62.01, men det spørs om ikkje Olaug Orten Trovåg ville ha utfordra henne om ho ikkje hadde fått hald like etter start. Olaug vart ikkje kvitt ”stinget” i sida, men fullførte likevel løpet.

RESULTAT:

K40-44

Cecilie M. Bakken Gurskøy 01:06:56

K45-49

Marit Lillestøl Gjerdsvika 01:10:40

K50-54

Sølvi Løvøy Ulsteinvik 01:02:00

Irene Rødseth Volda 01:06:45

Bente Jensen Hareid 01:10:17

MU17

Samuel Holstad Hareid IL 01:14:44

M17-34

Martin Hauge-Nilsen Kondis 00:46:56

Gjermund Midtbø Skarphedin 00:47:03

Joakim Gustavsen Dimna IL 00:47:53

Anders Oksavik Ulsteinvik 00:53:33

Vegard Flister Holvik 00:55:38

Alexander Aschehoug Trondheim 00:58:38

M35-39

Jan Endre Rise Hareid 00:48:33

Joar Gjerde Hareid 00:49:51

Bjørn Oksavik Larsnes 00:50:44

Kenneth Aschehoug JIL Oslo 00:52:53

Marcus Vedeler Hareid 00:55:58

Thomas Dalsøren Hareid 00:56:02

Hans Tore Jenssen Ålesund 01:10:08

M40-44

Kristian Nedregård Spjelkavik og Omegn FK 00:42:03

Are Uran IL Havørn 00:48:03

Jonny Tømmerbakk Ulsteinvik 00:53:01

Ronny Nipen Ulsteinvik 01:01:10

Torbjørn Vidnes Åsane 01:22:06

M45-49

Dag Jonny Seljeset Ulmatec BIL 00:49:43

Jan Einar Roos SUFH 00:52:38

Karl Inge Reling Hareid 01:12:21

M50-54

Bård Aune Ålesund 00:51:54

Bjørn Arve Brune Stranda 00:52:50

Peter Rise Hareid 00:59:32

M55-59

Odd Elvanes Hareid IL 00:56:52

Stig Grimstad Ulsteinvik 01:06:26

M60-64

Erik Driveklepp Hareid 00:54:12

Odd Arne Holstad Hareid 00:58:27

Dag Snipsøyr Hareid 01:01:09

Per Arne Pedersen Hasundgot 01:02:19

Finn Godø Godøy 01:06:36

Kjetil Frøysa Horten 01:11:14

M65-69 10

Andre Gjerde Hareid 00:59:20

Kjell M. Fagerli Hasundgot 01:02:42

Per Storøy Bergsøy 01:16:09

Bjørn Harald Harkjerr Hareid 01:17:54

18 Berge Hjørungnes Hareid 01:20:41