Årets TV-aksjon er til inntekt for Kirkens Nødhjelp, som med pengane skal gi ein million menneske i åtte land varig tilgong til reint vatn. Fylkesaksjonsleiar Marius Hammer fortel at bøsseberarane snart er på veg ut til folk omkring i fylket.

- Eg vil oppmode folk om å ta godt imot alle dei flinke bøsseberarane og ha pengane klare. Pengane Kirkens Nødhjelp får inn vil bety enormt mykje for svært mange menneske, seier Hammer.

Han ser på mangelen på vatn på verdsbasis som ei todelt katastrofe.

- Den eine biten er sjukdom og død som følgje av ureint vatn. Men den andre biten er vel så viktig. Alle kvinnene og jentene som dagleg går milevis for å hente vatn til seg og sine. Mange av desse går seg rett og slett ihel. Gir du 200 kroner kan du gi reint vatn til eitt menneske resten av livet.

Vatnprosjekt i åtte land

TV-aksjonen skal gi reint vatn til menneske i åtte ulike land. Kirkens Nødhjelp har eit mål om å 300.000 menneske i Sudan varig tilgong til reint vatn, 100.000 i Sør-Sudan, 180.000 i Etiopia, 160.000 i Somalia, 50.000 i Tanzania, 100.000 i Afghanistan, 78.000 i Pakistan og 50.000 på Haiti.

- Skal vi klare dette må vi som folk stå saman og gi av vårt. Saman kan vi nå desse måla, seier fylkesaksjonsleiar Marius Hammer til slutt.