Søre Sunnmøre tingrett har gitt politiet løyve til å trekkje inn førarkortet til ein mann frå regionen.

Ein grytidleg morgon tidlegare i haust kom politiet i prat med mannen i Ørsta. Han sat då i ein bil som politiet hadde fått melding om køyde mistenkeleg litt tidlegare på natta.

Mannen måtte ta blåsetest og diverse andre testar, men dei gjorde ikkje utslag.

- Pressa til å køyre av politiet

Politimennene skulle gå av vakt, og i følgje den sikta si forklaring, sa politiet at dei  ville køyre bak bilen til mannen, viss han ville heim til Ytre Søre Sunnmøre.

Dette vart gjort, men komne til Hovdebygda gjorde politiet signal om at han skulle svinge av til politistasjonen. Mannen avla urinprøve på politistasjonen, og deretter blodprøver og andre testar hos politiet. Han fekk deretter reise heim, men politiet inndrog førarkort og bilnøklar.

Han har forklart at han følte seg pressa til å køyre av politiet.

Analyseresultata viste seinare han var påverka av narkotiske stoff under køyreturen.

Kollisjon på Hareidseidet

Mannen er også sikta for ei trafikkulykke på Hareidseidet i fjor haust. Under køyringa var han ikkje tilstrekkeleg varsam. Han har anten sovna eller ikkje vore merksam nok, og kom over i motgåande køyrebane og koliderte med med personbil. Begge bilane vart totalvrak.

No har Søre Sunnmøre tingrett gitt politiet løyve til å halde førarkortet i beslag, inn til saka mot han er endeleg avgjort. Men ikkje utover 22. januar 2015.