Skipsverftet Armon i Gijón i Spania har inngått kontrakt for bygging av ny trålar for fiskeriselskapet Ramoen. Fartøyet er av Rolls-Royce design, type NVC 372, og kontraktsverdien for Rolls-Royce er 65 millionar kroner.

Trålaren blir bygt og utrusta for tradisjonelt fiske etter kvitfisk og reker. Han vil bli utstyrt med både botn- og pelagisk trål.

– Dette er det andre designet av NVC-typen vi leverer til Ramoen. Vi er svært nøgde både med denne kontrakten og set pris på det langvarige og gode samarbeidet vi har hatt med reiarlaget, seier Monrad Hide, leiar for fiske- og spesialfartøy i Rolls-Royce.

For å oppnå best mogleg driftsøkonomi og ein miljøvennleg profil, blir fartøyet utstyrt med hybrid framdriftssystem basert på fullskala målingar på eksisterande, seglande skip.

Rolls-Royce leverer design og skipets hovudutstyr, inkludert mange av dei nyaste produkta frå Rolls-Royce som til dømes HSG (Hybrid Shaft Generator), Promas rorsystem og Bergen dieselmotor B33:45.

Den 75 meter lange trålaren representerer eit nytt nivå når det gjeld fleksibilitet og effektivitet i alle driftsfasene. Den nye Bergen B33:45 dieselmotoren saman med Promas integrert ror- og propellsystem gjev det mest effektive framdriftssystemet som er i marknaden, skriv Rolls-Royce i ei pressemelding. Rolls-Royce skal også levere hydraulisk drevne lågtrykks trålvinsjer.

Fartøyet har ein lastekapasitet på 1,200 m3, 450 m3 melrom og ein frysekapasitet på 90 tonn i døgnet. Lasterommene er arrangerte for pallelast.