Kvar haust er det ei eiga kulturveka på Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter i Ulstein kommune. I år hadde dei vore så heldige å få sjølvaste Maria Parr til å kome. Ho las frå den populæra boka si Vaffelhjarte. Fjerdeklassingar frå Hasund skule song og Bodil Grønli fortalde gode minne frå mormora.

Og på menyen stod heimelaga saft og vaflar.

Resten av veka

I morgon, tysdag, kjem Oddgeir Bruaset. Der blir også musikk ved Katrine Barstad.

Onsdag er det festmiddag.

Og fredag kjem elevar frå Sunnmøre folkehøgskule og viser bilete og fortel.

Under heile veka heng der ei utstilling av gamle og fine gryteklutar og forkle.