Dei kom fram til følgjande framlegg:

1. Den nybygde brua over elva mellom Ulmatec og Hareid Group, namneforslag Mylnebrua.

Det vart drive mylne her frå rundt 1900.

2. Brua på vegen mot Hjørungavåg

Det er Statens Vegvesen som har namnemynde her, sidan dette er ein fylkesveg. Ein må undersøkje om det er gitt namn til denne brua.

3. Hareidsbrua er vel gjeldande namn. Er det offisielt vedteke?

4. Den gamle brua som ligg vel 100 m framom Hareidsbrua, namneforslag Mjølkebrua, basert på at ein historisk har nytta denne brua når ein skulle inn i berget for å mjølke kyrne.

5. Brua som på kart har fått namnet Vadbakkbrua. Er det eit vedteke offisielt namn, må ein halde på det. Om ikkje, vurderer nemnda å bruke namnet Djupholbrua, sidan brua ligg knapt 100 meter frå den gamle badeplassen Djuphola.

6. Nybygd bru ved osen av Grimstadvatnet, oppsett av Rotary-klubben. Denne brua ligg parallelt med den støypte terskelbrua, som vart bygd for regulering av vasstanden i Grimstadvatnet. Trebrua vert stort sett berre nytta av turgåarar, og sidan det var Rotaryklubben som sette denne brua opp, vert namnet Rotarybrua foreslege.

7. Bru ved Kaldholen. Denne brua har blitt kalla Kaldholbrua i lange tider, men er det eit offisielt vedteke namn? Nemnda sitt forslag er Kaldholbrua.

Elles kom det forslag frå Rotarymedlemer om at det høgste utkikkspunktet langs sørsida av Grimstadvatnet, der stien svingar nær 90 grader mot Kaldholen, får namnet Lyngholen. Her er allereie ein kvileplass med bord. Det er planen å setje opp eit skilt litt lenger aust der det er mindre skog som hindrar god utsikt. Namnenemnda slutta seg til forslaget: Lyngholen.

Sekretæren i nemnda fekk i oppdrag å avklare namnestatus på dei ulike bruene langs stien.