«Kisse» har trena a-laget dei to siste åra. Den snart 70 år gamle trenarlegenda har gjort ein formidabel innsats som trenar desse to sesongane, heiter det i ei pressemelding frå Hareid IL.

Han kom inn før jul 2012 då fleire sentrale rutinerte spelarar hadde gitt seg, og leia i 2013 laget til ein fin femteplass i 4.-divisjon.

I år hadde Hareid ein bra vårsesong. Hausten vart vanskelegare då vi mista mange sentrale spelarar, og den etter kvart så reduserte stallen også vart råka av skadar og karantenar. Men laget har heva seg bra dei siste kampane.

Resultatet fredag vil avgjere om Hareid blir nummer fem, seks, sju, åtte eller ni i år.

Stor jobb

Hans Gisle Holstad har trass i store utskiftingar i stallen desse åra gjort ein jobb det står respekt av. Han har møtt godt budd til alle treningar i med- og motgang, vist stor fagleg innsikt, og leia treningane på ein kyndig måte med variert og godt innhald.

Alt Hans Gisle har gjort har vore nøye planlagt og tilrettelagt. Han har vore ein sterkt respektert og godt likt person og trenar blant spelarane og leiarane, og er også kjent for å ha mange artige replikkar på lur.

Det er ingen tvil om at vi kjem til å sakne Hans Gisle Holstad. Han er også den som har vore a-lagstrenar for Hareid i flest sesongar gjennom tidene (1979-1982, 1984-1985, 1989, 1994, 2013-2014).

Men vi håper jo å ha med «Kisse» vidare i miljøet på ein eller annan måte.

At dette var Hans Gisle Holstad sin siste sesong som Hareid-hovudtrenar (for denne gong) gav han sportsleg utval beskjed om for ei stund sidan.

Trenar-jakta har starta

Prosessen med å setje saman trenarkabal for sesongen 2015 har starta. Det nye trenarteamet blir presentert ved oppstart av ny sesongoppkøyring i månadsskiftet november-desember.

Inntil vidare takkar vi Hans Gisle så mykje for innsatsen, og håper at vi kan avslutte med ein god kamp mot Valder fredag.