- Samlinga var veldig kjekk, og eg lærte meir om rolla eg har i ungdomsrådet, seier Elias Svendsen Storeide.8.klassingen frå Ulstein er ein av dei nyvalde i Ulstein Ungdomsråd, og han synest samlinga i Herøy kulturhus var ein god arena for å bli betre kjent både med dei han sit saman med i Ulstein, og medlemmane i dei andre ungdomsråda.

Stortingsrepresentant på besøkOm lag 80 ungdommar frå kommunane Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Volda og Ørsta var samla for den årlege haustkonferansen. Etter ei presentasjonsrunde fekk dei engasjerte ungdommane høyre Fredric Holen Bjørdal innleie om korleis dei skal få gjennomslag for sine saker. 24-åringen som no sit på Stortinget for Arbeidarpartiet starta sin politiske karriere i Ørsta Ungdomsråd som 14-åring.-De må tenke nytt, finne nye saker og krevje og verte høyrde. Tett kontakt med media er også viktig.

-Elskar politikkUngdomskonferansen for Søre Sunnmøre har vorte ein tradisjon i forkant av Ungdommens Fylkesting (UFT). Samlinga gir ungdomsråda sjansen til å førebu seg på saker og debattar som kjem opp under UFT. Representantar frå Ungdomspanelet forklarte korleis ungdomspolitisk arbeid fungerer.-Eg er i mitt første år i Ungdomspanelet og håpar det blir fleire. Det er så kjekt og lærerikt å få bli med på eit så profesjonelt nivå. Eg elskar politikk, fortel Aurora Dimmen Bratli.Ho har akkurat starta på sitt fjerde år i Ulstein Ungdomsråd, og sitt første år som leiar.

Ungdommens FylkestingSom medlem av Ungdomspanelet er Aurora også mellom dei ansvarlege for gjennomføringa av Ungdommens Fylkesting.-UFT er Ungdomspanelet sin store happening. To representantar frå kvart ungdomsråd i fylket er representert. Dei som blir med kan berre gle seg. Det er både veldig sosialt og lærerikt, held Aurora fram.Årets Ungdommens Fylkesting går av stabelen på Ivar Aasen Hotell i Ørsta 7.-9.november.