Ankesaka mot 27-åringen som er tiltalt for å ha drept Preben Dimmen i oktober i fjor, starta i Frostating lagmannsrett måndag.

Mannen vart dømt til 15 års fengsel i tingretten, men har anka.

Tysdag vitna den tidlegare sambuaren til den tiltalte. Kvinna var tilstades då Dimmen vart slått i hovudet med ei flaske av den tiltalte. Slaga påførte Dimmen så omfattande skader at han døydde nokre timar seinare.

Kvinna fortalde at då det ringte på døra natt til 29. okober i fjor stod ho opp for å opne. Tilbake i senga låg då Preben Dimmen  som ho nyleg hadde blitt kjærast med og barnet ho har med den tiltalte.

Då tiltalte kom inn på soverommet i husværet han og den tidlegare sambuaren disponerte saman og fekk sjå Dimmen ligge i senga, henta han ei flaske som stod i eit kott like ved.

– Eg prøvde å stoppe han, men han høyrde ikkje på meg. Eg hoppa opp på ryggen hans og prøvde å ta fra han flaska, men eg var ikkje sterk nok, forklarte den tidlegare sambuaren til lagmannsretten, i følgje Smp.no.

Kvinna fortalde at ho såg at han slo Dimmen. Ho forklarer at ho ikkje veit kor mange slag Dimmen vart påført.

- Eg har gløymt mykje av det som skjedde. Eg var i sjokk, så eg talde ikkje slaga eg høyrde, men eg forsto at var slag mot hovudet, fortalde kvinna som tok med seg barnet inn på barnerommet medan det heile pågjekk.

Ho fortalde også at det var den tiltalte som ringde etter sjukebil og at han også freista å hjelpe Dimmen etter mishandlinga.