Ein 23 år gamal mann, opprinneleg frå Nordland, er drapssikta etter at Sami Milhem vart funnen drepen og ille tilreidd i ein kommunal bustad på Bigset i Hareid kommune i august.

Den sikta sit varetektsfengsla i Bergen, og ifølgje Smp.no skal mannen ha eit sterkt behov for å forklare handlingane sine. Drapssikta sin advokat, Johnny Veum seier til nettavisa at mannen er innstilt på å ta ansvar for det han har gjort, og at han er oppteken av å hjelpe politiet slik at dei får etterforska saken på ein god måte.

Advokaten seier også at hans klient er svært nedbrutt og fortvila over det som han har vore involvert i. Den drapssikta har erkjent at det er han som har gjennomført drapet.

23-åringen er varetektsfengsla ut november, og ifølgje Smp.no seier advokaten at dei ikkje vil motsetje seg vidare varetektsfengsling.