Fylkesmannen i Møre og Romsdal har lagt løpet for kommunesamanslåingar. Nokre nye kommunar skal vere på plass frå 1. januar 2018, medan brorparten vil gjelde frå 1. januar 2020.

Slik den politiske situasjonen er, synest Ørsta/Volda å ligge eit hestehovud føre Hareid/Ulstein. I Ørsta har dei alt vedteke ei folkerøysting.

2018: Må vere komne langt ...

Samanslåing alt i 2018 fordrar at dei aktuelle kommunane er komne langt i samanslåingsprosessen. Det vil seie at dei har på plass eit vedtak om samanslåing innan hausten 2015. Då kan regjeringa gjere vedtak om samanslåing våren 2016, slik at den nye kommunen er oppegåande 1. januar 2018.

For dei fleste kommunane vil det vere naturleg at eit samanslåingsvedtak skjer våren 2016 og at desse kommunane då blir samanslegne frå 1. januar 2020.

Dette vil igjen seie at kommunestyrevalet neste år (2015) for desse samanslåingsaktuelle kommunane blir eit ordinært val for dei neste fire åra, men at perioden blir ei «innflyging» til 2019-valet, som blir eit val på eit felles kommunestyre i den nye kommunen.

Uansett gjeld det frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet at alle kommunar skal ha gjort vedtak i kommunestyra sine om kommunesamanslåing innan sommaren 2016.

Fylkesmannen gjer det også klart at det er eit krav at innbyggjarane i kommunen skal høyrast.

– Dette bør skje når samanslåingsalternativa er klare. Det kan anten gjerast gjennom spørjegranskingar, som departementet vil leggje tilgjengeleg på sine nettsider, eller gjennom folkerøystingar, seier Solholm.

Kommunane vil få 100.000 kroner for å ta innbyggjarane med på høyring.

Fylkesmann Solholm minner elles om at det etter norsk lov berre er rådgjevande folke-røystingar i Noreg. Det endelege vedtaket om samanslåing må gjerast av kommunestyra.