Monika Hestad disputerer ved AHO

Sivilindustridesignar Monika Hestad frå Brandal forsvarer i morgon sin doktorgradsavhandling ved AHO i Oslo.

Monika Hestad disputerer ved Arkitektur – og designhøgskulen i Oslo. Doktordisputasen frå Brandal er utdanna sivilindustridesignar frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO) i 2002. Etter enda utdanning starta ho sitt eige designfirma i Oslo, og byrja å jobbe med doktorgraden sin. Frå 2006 til 2008 har Hestad vore stipendiat ved Institutt for industridesign, AHO. Brandølingen skal forsvare sin doktorgradsavhandling "Den kommersielle forma – merkevarekonteksten om utfordring for industridesignarens behandling av form". Hestad utforskar i denne avhandlinga kva rolle produktets form har i å styrke ei merkevare. - Eg følte det ikkje var så stor fokus i skulen om kva rolle produktets form har når det gjeld å styrke bedriftene som merkevarer, seier Hestad. Ho meiner at både bedrifter og designarar vil ha nytte av betre kjennskap til produktdesign i ein merkevaresamanheng. - Designarar bør ha fokus på bedriftene og dei som skal kjøpe produktet. Det vil sei å skape ei form som samsvarar med bedrifta sin identitet eller i tråd med preferansar i brukargruppa, meiner Hestad. Studien drøftar teoriar innafor fagområdet design -og merkevarebygging, for å utforske kva krav som vert still til produktets utforming. Hestad har utforska temaet i tre kasi. Produkta barnevogna Stokke Xplory, flaskevatnet Imsdal og tannkostane Jordan Go! og Jordan Individual, som alle er bevisste på produktets form for å styrke merkevara. - Det er kjekt å få med ei sunnmørsbedrift. Stokke har skilt seg ut lenge når det gjeld å bruke designarar i produktutviklinga. Hestad har undervist i produktets rolle i merkevarebygging ved AHO, og heldt gjesteforelesingar over same tema ved andre institusjonar. - Det hadde vore ynskjeleg å få meir av dette temaet inn i skulen. Eg håper å få i gang ein diskusjon om riktig formspråk og kva relasjon produktet skaper, seier Hestad. Etter å ha jobba med avhandlinga i fire år, innrøm ha at det vart litt rart å vere ferdig. No vil ho ha litt internasjonale erfaring, og reiser til London for nokre år. Venner og familien frå Brandal vil sitje i salen under doktorgraddisputasen. - Eg er meir nervøs for framfor familie og venner enn opponentane, ler Hestad.

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
Siste nyheter

– Utan foreldra får me det ikkje til

Kommunalsjefen trur foreldra vil sjå at Hareid treng ein ny skulestruktur når dei har fått informasjon.

Lite lysten på omkamp

Kristian Fuglseth, toppkandidat for Folkelista, trur ikkje ny skulestruktur fører til betre kvalitet i skulen.

Blei skalla ned under storslagsmål

Storslagsmål i Ulsteinvik sentrum natt til laurdag enda med eit mogleg nasebrot.

Inviterer til friluftsleir

Alle ungdommar i Møre og Romsdal er invitert til ein felles friluftsleir i juli, på Setnesmoen i Åndalsnes. I tre døgn skal ungdommane bu saman i ein felles leir, og ein får vere med på mange ulike friluftsaktivitetar.

Skal sjå nærare på sunnmørsk superkommune

Kva seier du til å bu ein kommune saman med 106.999 andre?

Masters med sterk siger på 200 meter

Også fredag og laurdag føremiddag har Dimna IL- og Hareid IL-utøvarar vore i sving under Framolekene i Bergen.

Rabagasten og sirkusdirektøren

11. juni er Stian Blipp tilbake i Ulsteinvik, ein stad han har mange gode minner frå.

Hødd-magasinet:

- Eg brukar som regel å treffe

Vi ladar opp til fylkesoppgjeret mot Kristiansund søndag, og Eirik Ulland Andersen fortel om kunstmålet sitt borte mot Bryne i førre kamp.

– Utan foreldra får me det ikkje til

Kommunalsjefen trur foreldra vil sjå at Hareid treng ein ny skulestruktur når dei har fått informasjon.

Lite lysten på omkamp

Kristian Fuglseth, toppkandidat for Folkelista, trur ikkje ny skulestruktur fører til betre kvalitet i skulen.

Blei skalla ned under storslagsmål

Storslagsmål i Ulsteinvik sentrum natt til laurdag enda med eit mogleg nasebrot.

Fotoguru lærer bort triks - heilt gratis

Fotograf og forfattar Magnar Fjørtoft til Ulstein folkebibliotek tysdag

Inviterer til friluftsleir

Alle ungdommar i Møre og Romsdal er invitert til ein felles friluftsleir i juli, på Setnesmoen i Åndalsnes.

Strengare EU-kontroll frå juni av

EU-kontrollen blir i starten av juni meir omfattande og grundig, noko som betyr at fleire bilar vil slite med å passere kontrollen.

BT: Nilsen klar for Brann

Bergens Tidende får bekrefta at tidlegare Hødd-trenar Lars Arne Nilsen blir ny trenar for 1. divisjonsklubben.