Ordførar Anders Riise i Hareid har i eit brev til Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal kome med krav om at dei må syte for ei tett oppfølgjing når Ullensvang blir sett opp på strekninga Hareid-Sulesund ved årsskiftet. Ordføraren vil vite kva fylkeskommunen kjem til å gjere for å ordne opp i både materiell, kapasitet og organisering på sjølve ferjekaia.

Leiar Oddbjørn Vatne i samferdselsutvalet har svara at han forstår at ordføraren er uroa over situasjonen.

- Vi har fleire gonger meldt frå til regjering og departement om at vi ikkje har midlar til å dekke auka kostnader på fylkesvegferjene frå 2015. Vi ser heller ikkje at forslaget til budsjett betrar situasjonen. Vi har heller ikkje fått midlar til å møte auka kostnader på anbod. Gjennom høyring i transportkomiteen skal problema bli dokumenterte.