I 2010 fekk kvinna innvilga avklaringspengar frå NAV. Med bistand frå NAV fekk ho begynne på ei helsefagarbeidarutdanning. NAV orienterte henne om korleis ho skulle gå fram dersom ho fekk lønna arbeid. Alle timar ho hadde arbeid skulle då innrapporterast til NAV på meldekort kvr 14. dag.

Kvinna har i Sunnmøre tingrett forklart at ho forstod bruken av meldekort.

Men ho fekk etter kvart abeid som tilkallingsvikar. I periodar kunne ho jobbe mykje ved sida av helsefagarbeidarutdanninga, i andre periodar arbeidde ho lite.

Dårleg økonomi

Ho har forklart at økonomien hennar var dårleg, og for å kome litt ovanpå i høve til økonomien vart det til at ho lot vere å melde inn til NAV alle timane ho var i arbeid.

Kvinna har tilstått kva ho har gjort, men uttalte til Sunnmøre tingrett at ho var overraska over at den samla summen hadde blitt så stor. Ho tvilar likevel ikkje på at utrekningane frå NAV er rette.

Karakterisert som grovt bedrag

I dag er kvinna i gang med å betale tilbake til NAV. Ho blir trekt 5000 kroner kvar månad.

Då saka skulle opp for Sunnmøre tingrett gav ho uttrykk for at ei fengselsstraff på 120 dagar var altfor strengt. Ho frykta mellom anna at ho ikkje ville klare å betale tilbake til NAV viss ho skulle sone ei så lang straff.

Men tingretten fann ikkje å kunne ta omsyn til frykta hennar. Summen ho har svindla til seg er i straffereglane å karakterisere som eit grovt bedrag, og retten var klar på at det utan tvil kvalifiserer til ubetinga fengsel.

Høgsterett har uttalt at eit trygdebedrageri på 230.000 kroner isolet burde medføre ei straff på omkring 90 dagars fengsel. Med tilvising til rettspraksis vart påstanden frå aktor ståande. Kvinna vart dømd til ei fengselstraff på 120 dagar.