Elisabeth Mansfield i plan- og trafikkseksjonen Møre og Romsdal hjå Statens vegvesen har sendt svar til Dimna grendahus ved Steffen Frøystad, der Vegvesenet svarar på eit brev frå grendalaget, som har bede om snarleg tilsyn, slik at ein kan kome i gang med utbetring av strekninga Vågane-Storhaugen på fylkesveg 26.

Mansfield skriv at denne vegen ikkje er lagt inn i investeringsprogrammet for 2015-2023, og at i den gjeldande trafikktryggingsplanen for Ulstein kommune er det strekningane Hasund skule-Kleven og Kleven-Skjerva som ligg inne med prioritering til gang-og sykkelvegprosjekt.

Dimna grendahus har i brev til Statens vegvesen peika på at mykje tungtrafikk har gjort skade på vegen, og at den i tillegg skaper trafikkfare på den til dels smale vegbana.

- Med Storehaugen og Hansvika byggefelt, og mange barnefamiliar i området, har både biltrafikken og mjuke trafikantar, særleg born som gå /syklar langs fylkesvegen auka. Dette kjem til å auke enno meir no når byggefeltet  Skulheaugen vert utbygd, står det i brevet frå Dimna grendahus.

Vidare peikar dei på at det bør sjåast på mogelegheitene både for breiare vegbane, og for gang- og sykkelveg, der gangveg er spesielt ønskeleg.

- Dette er ein del av skulevegen for mange born, og slik det er i dag er det ei stor fare å sende born åleine på denne strekninga.

Ei foreldregruppe frå Storehaugen har også sendt brev til teknisk etat i Ulstein kommune, der dei ber om trafikktryggingstiltak, mellom anna fordi det er for mange barn i området til at alle får plass i busskuret eller busshaldeplassen på Storehaugen, noko som fører til farlege situasjonar ved fylkesvegen.

Elisabeth Mansfield i Statens vegvesen oppmodar Ulstein kommune om å arbeide fram behova for vegutviding, gang- og sykkelveg, samt ein ny busshaldeplass for bustadfelta Storhaugen og Hansvika.

- Når det gjeld busshaldeplassen ved bustadfeltet Storhaugen er vi samde med bebuarane på Storhaugen om at den ikkje er dimensjonert for behovet i dag. Plasseringa er heller ikkje god, skriv ho.