Eit samla kommunestyre sa torsdag ja til å inngå eit felles kommunalt samarbeid med Ulstein og legevaktordninga. Dette blir gjort fordi det no blir stilt sterkare krav frå styremaktene  til kompetanse hos legevaktlegar og til organisering av legevakta.

Både Truls Håbakk (Frp.) og Kristian Fuglseth (Folkelista) ville før røystinga vite om vedtaket kunne få negative konsekvensar for Hareid.

- Vi må passe på å ikkje gjere små steg som dreg tyngdepunktet av helsetenestene i feil retning, sa Fuglseth.

Kommunelege Ottar Grimstad forsikra kommunestyret om at den nye ordninga  ikkje ville få praktiske konsekvensar for publikum. Legane på Hareid skal framleis utøve legevakta frå kontoret sitt.

- Men verftskommunen får ein kompensasjon på 20.000 kroner for å føre rekneskap og setje opp lister. Viss Hareid hadde klart dette innanfor eksisterande personalressursar, hadde vi fått ein gevinst. Men det klarer vi ikkje, sa Grimstad. Legevaktsjefen blir ei 10 prosent-stilling, og utgiftene skal fordelast etter folketalet i dei to kommunane.