Har du lyst på ein uformell prat med nestleiaren i SV? Torsdag 30. oktober om ettermiddagen har du sjansen. Då inviterer Volda SV til uformelt kafémøte på Kaffekoppen i Spinneriet i Volda.

Stiller til attval

Bård Vegar Solhjell har nyleg bestemt seg for å stille til attval som nestleiar, fordi han brenn for rettferd og miljø.

–Det gjer vi også, seier leiar i Volda SV, Hilde Osdal i ei pressemelding som lokallaget i Volda har sendt ut.

–Det nærmar seg eit nytt kommune- og fylkestingsval, og vi vil gjerne snakke med folk om SV-politikk. Dei som møter opp kan stille spørsmål til Solhjell, kome med innspel til saker SV kan bli betre på, eller rett og slett ta ein prat om sjakk, som Solhjell nyleg har skrive bok om.

–Solhjell har elles vore både kunnskapsminister og miljøvernminister, i tillegg er han interessert i både utanrikspolitikk og kulturpolitikk, seier nestleiar Janne Heggvoll i Volda SV. Det skulle altså ikkje vere vanskeleg å finne tema å snakke om  denne torsdagsettermiddagen.

Først i Ålesund

Solhjell startar Sunnmørsturen i Ålesund. Korleis kan  ein bypakke få Ålesund opp frå 30. og sisteplassen på rankinglista over byar det er godt å vere syklist i?

–Kollektivtransport, bybane og lyntog vert også tema i Ålesund, seier fylkestingsrepresentant for SV, Ingrid  Opedal, som skal vere reisefølgje for Solhjell heile dagen.

Kollektivknutepunkt på Garnes

Frå Ålesund går turen til Garnes-krysset i Ulstein, der fylkeskommunen no, etter eit initiativ frå SV-laga på Søre Sunnmøre i 2009, har fått på plass eit godt kollektivknutepunkt og betre rutetilbod på Søre Sunnmøre.

–Etter at Eiksundsambandet kom har biltrafikken auka voldsomt. Dette viser at det er mykje samkvem mellom Ytre og Indre Sunnmøre. Større bu- og arbeidsmarknadsregionar er vel og bra, men for klimaet er det ikkje bra at så mykje av trafikken skjer med privatbil. Vi vil vise folk kor bra buss er, og oppmode så mange som råd om å bruka dette tilbodet, seier Opedal.

Vil ha fleire over på buss

Samstundes kan eit tilbod alltid bli betre, og i tillegg til å dele ut blomar til prosjektleiar Frode Kvalheim, som har gjort ein kjempejobb, vil vi også kome med idear til korleis vi kan få enno fleire til å bruke bussen. Mellom anna har SV invitert Aurora Dimmen Bratli, som representerer Ulstein i Ungdomspanelet, til å kome med synspunkt frå ungdomen.