I går, fredag, serverte bebuarar frå Søre Sunnmøre mottak mat til elevar og lærarar ved Ulsteinvik barneskule.

Maten som vart servert var frå Afghanistan, Bangladesh, Eritrea, Irak, Iran, Kirgisistan, Somalia, Syria og Usbekistan.

Søre Sunnmøre mottak har hatt dette opplegget sidan 2010, men då serverte dei mat i barnehagen. For tre år sidan byrja dei å servere på barneskulen. Dette er tredje året på rad at dei gjer dette.

Målet med dette opplegget er å få fokus på matkulturen i heimlanda til elevar som bur på mottaket. Barne-ungdomsansvarleg ved Søre Sunnmøre mottak, Iselin Aske, meiner at det er betre for skuleborna å få smake på kulturen til bebuarane enn at dei høyrer på nokon som pratar om den.

Det er foreldra til borna på mottaket som har laga maten. Dei synest at det er kjekt å lage mat for elevane på barneskulen. Elevane syntest at maten smakte veldig godt.

Etter serveringa gav rektor ved Ulsteinvik barneskule, Vegard Sæter Gurskevik, ei rose til alle tilsette og bebuarar frå mottaket som var med på å lage til dette opplegget.