Dermed enda laget på 5.-plass etter ein fint gjennomført og underhaldande sluttkamp. Trenar Hans Gisle Holstad rundar no av trenargjerninga si på a-laget - og fekk blomar og gode takkeord før kampen.1. omgang handla for det meste om stillingskrig der Hareid var litt farlegare enn Valder. Etter åtte minutt stod Valders Tobias Blindheim åleine i feltet, men headinga gjekk like utanfor. Etter 20 minutt testa heimelagets Georg Eikrem Olsen skotfoten etter eit fint raid, men skotet vart ikkje noko av.

Tre minutt seinare sende Ola Kalvø Vattøy Hareid i leiinga. Runar Stranden spelte 45 grader ut til Vattøy, som drog av ein mann før han avslutta fint. To minutt seinare la Stranden inn, men verken Hiwa Alipoor, Vattøy eller Olsen klarte å avslutte skikkeleg. Like før pause kunne Valder ha utlikna, men Fredrik Lonbakken redda bra eit godt slått frispark.2. omgangen var langt frå første – sjansemessig. No skapte Valder litt meir. Etter 46 minutt skaut Glenn Ørjan Johannessen frå kort hald, men Lonbakken redda fint. Etter 55 minutt var Eikrem Olsen åleine med keeper etter at han hadde snappa ein ball på venstresida, men avslutninga var svak. Etter 60 minutt var Blindheim farleg frampå for gjestane, men Lonbakken redda til corner, som Valder scora på etter ei heading av Shafi Elmi.

Etter utlikninga handla nesten alt om sjansesløsinga til Hareid. Etter 72 minutt heada Stranden frå ca. 5 meter, men det enda i corner. Etter 85 minutt var Thor-Ove Brekke åleine med keeper, men skaut rett på. Etter 92 minutt hadde Stranden nok ein sjanse, men scora ikkje. I staden scora han eit minutt seinare med heading frå kort hald. Det var det siste som skjedde. Trenar Hans Gisle Holstad var naturleg nok nøgd etter kampen:- Dette var ein jamn kamp som vi fortente å vinne. Vi fekk store rom å spele på etter kvart og hadde fleire store sjansar. Heilt på slutten scora vi ved Runar (Stranden). Eg er glad for at han scora i dag. Han har utvikla seg godt utover sesongen, men det har vore mykje «nesten» for han, seier Holstad og legg til etter spørsmål om sjansesløsinga:- Ja, vi hadde mange store sjansar, det var utruleg at vi ikkje scora på dei.Kampfakta4.-divisjon runde 22Hareid - Valder 2-1 (1-0)Hareidsmyrane stadionMål: 1-0 Vattøy (23), 1-1 Elmi (61), 2-1 Stranden (93).Dommar: Jan Helge Lund, Godøy IL.Gule kort: Stranden, Olsen (Hareid). Hareid (4-4-2): Fredrik Lonbakken (Vagn Scheide Mork 89) – Robin Jackson Indreflø (Joar Møller 87), Ulrik Wingsternes (K), Martin Longva, Nauris Driksna – Runar Stranden, Simon Holstad Grimstad (Ørjan Engen Grimstad 68), Alexander Nevstad, Georg Eikrem Olsen – Ola Kalvø Vattøy (Eiliv-Tore Howlid 68), Hiwa Alipoor (Thor-Ove Brekke 75).*** Lonbakken** Longva* Stranden