I 2012 jubla han på Ullevaal for fyrste gong under cupfinalen mot Tromsø. Men ikkje for siste. No er nemleg nasjonalarenaen blitt heimebane – og hovudstaden er blitt heimby. Og pappa Lars Arne Nilsen er bytta ut med sjølvaste Kjetil Rekdal som trenar.

– Eg lever ut draumen. Dette har vore målet mitt sidan eg starta med fotball, seier Sivert.

Livet som fotballproff fører med seg mange fordelar. Sivert slepp å studere eller jobbe ved sida av, og han kan møte opp på Valhall og få maten servert.

– Det er veldig greitt, det. Samtidig er det ein tøff jobb som varer 24 timar i døgnet. Det er tøffare enn mange trur. Eg brukar utruleg mykje tid på  fotballen, seier han og påstår  at forskjellen mellom Vålerenga og Hødd likevel ikkje er så stor.

– Fotballmessig er det mykje likt. Då eg trente med Hødd i sommar var det ikkje så stor forskjell på nivået. Hovudforskjellen går på størrelsen på klubbane og presset som er i VIF, meiner Sivert.

– Byen er større, klubben er større og presset er større. Men det må du nesten berre like som fotballspelar, seier han.

Trenar Rekdal har lansert Sivert som ein muleg landslagsspelar. Fotballekspert Lars Tjærnås ser likskapar mellom nettopp Heltne Nilsen og Rekdal. – Det kan virke som om dei har den same vinnerskalla og at dei begge er leiartypar. Heltne Nilsen har imponert meg i år. Eg trudde han skulle gjere det bra, men han har vore endå betre enn eg hadde forventa, seier Tjærnås. – Han er ein moderne, dynamisk spelar,  som både er aggressiv utan ball og roleg med ball. Kroppsspråket er veldig bra og gir ein positiv smitteeffekt på lagkameratane. I tillegg har han eit veldig høgt minstenivå. På mange måtar er han akkurat det Vålerenga hadde trong for,  meiner fotballeksperten.

Sivert har elles tidlegare blitt samanlikna med ein annen storspelar når det gjeld spelestil: – Eg er veldig fascinert av italienaren Andrea Pirlo. Han spelar fotball med hovudet og treng aldri å spurte. Sjølv har eg også blitt samanlikna litt med Roy Keane. Vi har begge  temperament, sjølv om han er hakket verre, meiner Sivert.

SIvert syklar opp til og ned frå treningsfeltet på Valhall, i staden for å nytte kollektivtilbodet eller å køyre. Det same gjer lagkompisane Simon Larsen og Christian Grindheim.

– Eg syklar dit eg skal. Du  treng ikkje bil i Oslo. Det går fortare å sykle, og det er herleg å vakne litt med frisk luft om morgonen. Det er muleg eg må tilbake til buss og trikk igjen til vinteren. Men til kamp syklar eg ikkje; då tek eg T-banen.

– Eg er heilt utsliten når eg kjem på trening. Eg er i alle  fall veldig sveitt. Økta begynner eigentleg når eg set meg på sykkelen for å sykle 15 minutt i tøff motbakke, medan det berre er fem minutt ned att, fortel Sivert.

Før treninga går det elles mykje i kortspeling for VIF-spelarane, der Morten Berre er den skarpaste. Sivert brukar også å trikse mykje med ballen – både i eiga stove og på gata. I tillegg er han oppteken av å slappe av og sove mykje.

– Eg har eit veldig godt sovehjerte og merkar at eg ikkje fungerer utan nok søvn. Restitusjon er ein viktig del av jobben, seier Sivert.

Fakta:

Namn: Sivert Heltne Nilsen

Alder: 23 år

Posisjon: Defensiv midtbane

Klubb: Vålerenga

Tidlegare klubbar: Hødd, Volda

Merittar: Cupgull i 2012