Barna i Høddvollbarnehagen kunne fredag morgon sperre opp augene då dei kom til barnehagen for ein ny dag.

To av veggene var blitt dekorert av kunstnar Marine Gliscke, til glede for både store og små i barnehagen. Til no er to av fire store bilde sett opp, og om kort tid vil Høddvollbarnehagen vere berika med flott kunst der born i dei fire årstidene er tema.-Dette er både flott å sjå på, og det gir rom for mange samtaler og refleksjonar, fortel styrar Kathrin Rise, som gler seg til alle fire bilda er på plass i barnehagen.

Fredag hadde barnehagen haustfest med kafé og basar til inntekt for Baltikumhjelpa. I den anledning var barnehagen full av foreldre, søsken og besteforeldre. Mange tok seg tid til å beundre kunstverka, og foreldrerepresentant i barnehagestyret, Ole Terje Sukka, var verkeleg fornøgd med maleria.

- Dette var eit nydeleg blikkfang og borna våre vil få masse glede av å kunne sjå på og leve seg inn i historiene på bilda. Marine har gjort ein fantastisk flott jobb,  og vi er veldig glade for å få dekorert uteområdet på denne måten.

Henrik, Håvard og David Mathias var av dei som fekk glede seg over dei nye kunstverka i Høddvollbarnehagen.