Alle 8.klassingane ved Ulstein ungdomsskule har hatt besøk av Ungdom med MOT (UMM).

– Hugsar de oss, spør Asbjørn Vattøy og Kaja-Mari Sandvik Yksnøy.

– Vi er her i dag for det siste MOT-besøket vi skal ha med dokke. Vi lurer på korleis de har hatt det den første tida på ungdomsskulen, held UMM fram.

Dei to 10.klassingane er mellom Ulstein, Lokalsamfunn med MOT sine UMM. No står dei føre 8. klassingane frå Haddal som for høvet er samla i si gamle klasse. Asbjørn og Kaja-Mari besøkte dei to gonger då dei gjekk i 7.klasse.

– Noko av hovudpoenget med UMM og skulebesøk til barneskulane er å gjere overgangen til ungdomsskulen enklare, fortel MOT-koordinator- og informatør Marie Flatin i Ulstein.

Trivs på ungdomsskulen

Dei gamle 7. klassene er fordelt på ulike klasserom. Det er mykje forskjellig som kjem opp når UMM spør kva som er det beste med ungdomsskulen så langt. Dei har også nokre spørsmål. Etter å ha snakka seriøst ei stund er det tid for leikar og kake. Det er UMM som har baka til 8. klassingane.

– Kjempekjekt med MOT-besøk, og gøy å vere i lag med gamleklassa igjen. Vi hadde eit godt klassemiljø, fortel Simon Brandlistuen (13).

Både han og klassevenninna frå barneskulen, Sara Ringstad (13), trivst godt på ungdomsskulen.

– MOT-besøka vi hadde på barneskulen gjorde meg betre førebudd på å starte her, seier Sara.

8. klassingane er også glade for at dei skal ha fleire MOT-besøk på ungdomsskulen.

Foreldremøte med MOT

Torsdag 30.oktober er alle føresette til 8.klassingane ved Ulstein ungdomsskule inviterte til eit MOT-foreldremøte.

– Vi oppmodar alle som har høve til å ta turen og lovar at dette er eit foreldremøte utanom det vanlege, seier MOT-koordinator Marie.

Det er no i det åttande året med MOT ved Ulstein ungdomsskule. Dei fem som er informatørar er utdanna og godkjende til dette. Dei følgjer eit manus frå organisasjonen MOT, som sikrar kvalitet og at alle elevane får same bodskapen.

– Vi besøkjer elevane ca 14 gonger i løpet av tida på ungdomsskulen, og dei fleste besøka er på ein halv dag eller 70 minutt, held Marie fram.

Kvifor MOT?

MOT-leiar og rådmann Einar Vik Arset kjem til å ta i mot føresette og fortelje litt om MOT-arbeidet i Ulstein. Han gler seg til at foreldre skal få vite meir om det haldningsskapande arbeidet Ulstein kommune gjer med MOT. Han håpar også foreldre får inspirasjon, og kanskje få god bruk for nokre av verktøya dei får oppleve under foreldremøtet.

– Vi har trua på MOT- arbeidet. Med ei god og brei forankring gjennom skuleprogramma og fritidsprogrammet meiner vi å ha eit godt grunnlag for å skape eit tryggare og varmare oppvekstmiljø i Ulstein. Vi synest det er eit flott manus med eit godt innhald, og forsking viser at det å bruke MOT som eit verktøy fungerer, fortel MOT-leiar Einar.

Blir betre med MOT

Sidan 2008 er det foretatt omfattande evalueringar av MOTs effekt. Det har vorte gjort ved at ein samanliknar skular som har MOT i høve til skular som ikkje har MOT.

Med MOT blir ungdom betre til å bry seg, sei nei og stå i mot gruppepress. MOT reduserer hyppig mobbing, mistrivsel, einsemd, narkotikamisbruk og alkoholbruk i ung alder.

MOT beskytter mot dei mest negative utslaga i ungdomstida.

Dei to største evalueringene er basert på en rapport fra PROBA samfunnsanalyse og Utdanningsdirektoratets elevundersøkelse 2008-2012. (For meir informasjon: www.mot.no )