Til neste år kjem Møre og Romsdal fylkeskommune til å mangle rundt 90 millionar kroner til å drifte ferjene i fylket.

Det kjem fram i ein uttale til statsbudsjettet skrive av fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, skriv Sunnmørsposten.

Fylkesrådmannen viser til at nye kontraktar for drift av fylkesvegferjene gir ein auke i kostnadene på mellom 40 og 50 prosent dei neste åra. Stor trafikkvekst krev større og fleire ferjer, og fylket får ikkje nok pengar frå staten til å løyse desse utfordringane, skriv fylkesrådmannen. I statsbudsjettet for 2015 er det ikkje føreslått å styrke fylkesvegferjedrifta.

Fylkesrådmannen peikar på at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje kjem til å klare å dekke dei auka kostnadene utan at rammetilskotet frå staten aukar tilsvarande.