Førre veke var det IA-konferanse i Molde. 500 deltakarar var samla der tre bedrifter fekk kvar si utmerking for godt inkluderande arbeidsliv.

Vil behalde arbeidskrafta

Kleven Maritime fekk pris for livsfasepolitikkken sin.

Kleven har utarbeidd ein eigen plan for å stimulere arbeidstakarane til å vente med å pensjonere seg.

Det vart gjort ei grundig kartlegging av kor lenge tilsette stod i jobb i dei ulike avdelingane i bedrifta. Det vart sett på kva dei tilsette i ulike livsfasar treng, så vart det laga plan/tiltak ut ifrå det.

Som arbeidsgjevar ønskjer Kleven å leggje til rette for at dei tilsette skal trivast og yte sitt beste uansett kvar dei er i livet. Det er viktig å behalde og utvikle kompetanse. Til det tek dei i bruk medarbeidarsamtale og livsfaseavtale.

Det blir arbeidd med leiarutvikling, avtalar for trening, tett samarbeid med bedriftshelseteneste og AKAN. Annakvart år er det seniorsamling for alle over 58 år. Kurset er om arbeidslyst, fagleg påfyll, helse, informasjon om rettar i arbeidslivet eller pensjonere seg.