Fredag 24. oktober reiste misjonær Solbjørg Pilskog frå Hjørungavåg tilbake til Kamerun for å vere på Peresletta fram til 1. april neste år.

Samtidig skriv avisa Vårt Land at den islamittiske rørsla Boko Haram er i ferd med  «feste grepet» nord i Kamerun, ikkje så langt frå der Solbjørg Pilskog står i teneste på Peresletta – nok-re få mil frå grensa til Nigeria.

Den kamerunske journalisten og TV-produsenten Madeleine Memb seier til avisa at radikale islamistar har destabilisert store område heilt nord i Kamerun. Drap og kidnappingar har vorte ein del av kvardagen og mange har vorte drivne på flukt av Boko Haram sine herjingar.

Boko Haram har blant anna rekruttert fattige unge gutar, som får seg ein motorsykkel eller kanskje 500 dollar for å bli krigarar.

Jenter risikerer å bli valdtekne når dei går langt for å hente vatn – og kidnapping av utlendingar har vorte den mest innbringande inntektskjelda for Boko Haram i Kamerun. Sidan i fjor har det vore ei rekke spektakulære kidnappingar med utbetaling av store løysepengar.