Komande torsdag er det kommunestyremøte i Ulstein. Ytre Søre Sunnmøre Demensforening har fått ein halv time til å snakke om kva kommunen kan gjere for å betre tilbodet for folk med demenssjukdomar.

Med på orienteringa blir kommunikasjonssjef Randi Kill i Nasjonalforeningen for Folkehelse, og lokalt møter både Mari Ann Vattøy, Kersti Hasund og Kari Ristesund.

Foreninga hadde for ei tid tilbake ope møte om ei meir demensvennleg samfunn. Ingen frå Ulstein kommune møtte opp, og lokallaget skal no orientere kommunestyret både om det foredragshaldar Tage Pettersen, ordførar i Moss, sa på møtet.

- Kommunane treng å endre litt kurs i demensomsorga si, det treng ikkje om å bli så dyrt, seier Kari Ristesund.