Slagskade frå kongeørn  med dauden til følgje var nemleg eit av alternativa då Jarle Kristiansen frå Ulstein og Hareid Jeger og Fiskarforening vart tilkalla dagen etter for å undersøke dyret, som hadde klomerke frå ørna. Det Kristiansen slo tidleg fast, var at hjortekalven, som var ei kolle, ikkje var skoten. I skaderapporten til miljøvernleiar Alv Ottar Folkestad blir både eventuelle jegerar og kongeørner frikjende.

Ørna har vore på dyret,  men berre som «åtselhandterar».

- Dødsårsaka, seier rapporten, - må vere ein kraftig slagskade i nakke/ øyreregion.

Årsak til skadane må verte noko spekulative. Men både skadeplassering og skadetype samsvarar med det som er velkjent hos trafikkskadde dyr, både i hovud/nakke og skulderledd. Men det som får Folkestad til å stusse over trafikkskade-teorien er at avstanden til næraste bilveg frå funnstaden er i 980 meter i kartavstand og 350 meter i høgdeskilnad.

- Det er vanskeleg å skjøne at eit dødeleg skadd dyr kan ha kome seg så langt, skriv han.

- Det finst heller ikkje terrengformasjonar innan rimeleg avstand som kan gjere det sannsynleg med dødelege fallskadar. Men teoretisk kan det stillast spørsmål om aggresjon mellom hjortar kan gje dødeleg utfall.

Truleg trafikkskade

Folkestad fortel at han har konferert med forskar Rolf Langvatn, som i heile sin yrkesaktive periode har hatt hjort som sitt spesialfelt. Han stadfesta at der er kjende tilfelle av dødeleg trafikkskadde hjortar som har prestert både liknande og meir til enn det som ville ha vore tilfelle med kalven i Øvrelid, og at dei skildra skadane og terrengtilhøvet fullt ut kan ha trafikkskade som sannsynleg dødsårsak.

Langvatn stadfesta også at aggresjon mellom hjortar kan føre til død når dyra slår med framføtene, men at dette først og fremst gjeld bukkar i tidleg brunst, og at aggresjonen då først og fremst går mot spissbukkar og yngre bukkar i nærleiken av koller. Det er mindre sannsynleg at slik aggresjon ville bli retta mot ein kollekalv, men det kunne heller ikkje avvisast. Konklusjonen må derfor bli at den aktuelle kollekalven er død som direkte følgje av kraftig slagskade. Skadeårsak vil vere meir usikker, med sannsynleg overvekt på trafikkskade.