- Eg hadde ikkje sagt ja til å stå øvst på kommunevallista viss eg ikkje hadde lyst til å bli ordførar, svarer Arnhild A. Holstad (51).

Ho understrekar at det er nominasjonskomiteen som har plassert henne øvst. Namsos Arbeidarparti har enno ikkje hatt det endelege valmøtet.

Arnhild A. Holstad er fødd og oppvaksen på Hareid, der ho blant anna ein periode var ein habil volleyballspelar.

Ho er utdanna journalist.

I åra 2005-2007 var ho politisk sekretær for Bjarne Håkon Hansen medan han var Arbeids- og inkluderingsminister. Også han er frå Namsos.

Etter at den jobben var over flytta ho tilbake til Namsos, der ho sidan 2007 har vore kommunikasjonssjef i Statskog, som har hovudbasen sin der.

Viss alt går som ho håper, kan ho bli ordførar i Namsos frå komande haust.

Namsos har om lag 13.000 innbyggjarar, og har tradisjonelt vore ein raud by. Dagens ordførar er Morten Stene, også han frå Arbeidarpartiet. Dei samarbeider med SV og Senterpartiet.