Flaum og jordskredvarselet for regionen vår er framleis nivå 2, gult varsel, grunna mykje regn og regnbyger.

I Hordaland har dei kome opp i flaumvarsel nivå 4, som er det høgste. I Sogn og Fjordane er dei på nivå 3.

Hareid Brannvesen skriv på Facebook at om nokon opplever å få vatn i kjellaren sin, eller det er like før, er det berre å ringje dei på 110. Dei har pumpeutstyr til å få vekk vatnet.

– Vi jobbar for meir enn å berre redde liv, vi jobbar for å redde verdiar, skriv dei.

Langt nedbørsområde

TV2 Været skriv at Vestlandet og Møre og Romsdal er inne i det våtaste døgnet. Det skal kome 30 millimeter til med nedbør, ned over fjellet Mannen. Nedbørsområdet strekkjer seg heilt frå Nordland til Rogaland.

Det meste av regnet kjem frå i ettermiddag (tysdag).

Vil avta

Frå onsdag er flaum- og jordskredvarselet for Møre og Romsdal nede i nivå 1, grønt varsel.

I følgje vêrmeldingane frå yr.no vil regnet også roe seg litt uti veka. Torsdag er det til og med meldt opplett.