Myklebust Verft har inngått kontrakt med Ocean Yield ASA om ombygging av fartøyet Aker Wayfarer. Myklebust Verft skal mellom anna forsterke skroget og installere topside-utstyr frå Rolls-Royce før fartøyet skal inn i ein langtidsavtale med Petrobras i Brasil.

– Aker Wayfarer er 157 meter lang og 27 meter breid, og blir det største fartøyet vi har hatt i dokka, seier Åge Sandvik, salssjef for ettermarknad på Myklebust Verft. Då denne dokka vart kjøpt for to år sidan, var det nettopp for å kunne tilby service, ombygging og reparasjon også på desse største offshorefartøya.

Aker Wayfarer er eit konstruksjonsfartøy bygd ved Vard Søviknes i 2010. Fartøyet er på eit langtidscharter med AKOFS Offshore. Rolls-Royce i Hjørungavåg skal levere mykje av subseautstyret som skal monterast, og dette er den største enkeltkontrakta for Rolls-Royce innan dette området.

– Myklebust Verft si plassering midt i hjertet av det maritime miljøet på Sunnmøre er ein stor fordel for reiarlag og utstyrsprodusentar. Dette prosjektet er eit godt eksempel på godt lokalt samarbeid mellom store aktørar i klynga, som Vard, Rolls-Royce og Kleven, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

I tillegg til ombygginga, skal fartøyet også gjennomgå 5-årsklassing ved verftet.

Stor kontrakt for Rolls-Royce

Rolls-Royce skal levere eit komplett modulhandteringssystem til konstruksjonsfartøyet. Kontrakten med Rolls-Royce har ein verdi på 240 millionar kroner.

– Dette prosjektet er eit godt døme på godt lokalt samarbeid mellom store aktørar i klynga, seier Rasmussen.

Leveringa frå Rolls-Royce omfattar eit automatisert handteringstem med eit komplett tårn, skiddesystem, utstyr for djupvassløft og hydraulikk-aggregater og kontrollsystem. Løftesystemet nyttar fibertau. Utstyret skal leverast i første kvartal 2016.

– Dette er ein viktig kontrakt for oss, og viser at offshoreindustrien er på god veg til å akseptere fibertauets særs gode eigenskapar i djupvassoperasjonar, seier John Knudsen, President Commercial Marine i Rolls-Royce.