29. oktober 2013 vart Preben Dimmen drepen i eit husvære i Ulstein kommune.

Den drapsdømde fekk 15 års fengsel for forsettleg drap i Sunnmøre tingrett, men anka til Frostating lagmannsrett, fordi han meinte drapet ikkje var gjort under "særleg skjerpande forhold".

Ein samla lagrett har svart ja på at mannen er skuldig i å ha drepe Dimmen.

Men lagretten har lagt til grunn av ein kvar rimeleg og fornuftig tvil skal kome den skuldige til gode når det gjeld moment av betydning for straffeutmålinga.

Lagretten peikar også på at det ikkje gjekk meir enn om lag eit halvt minutt frå den skuldige kom inn på soverommet, og til det siste slaget. Sjølve slaga vart utført i løpet av få sekund.

Lagmannsretten var delt

Lagmannsretten delte seg i eit fleirtal og eit mindretal i spørsmålet om drapet vart gjort under "særleg skjerpande omstende".

Som i tingretten har lagmannsretten tatt utgangspunkt i at "uttrykket "særleg skjerpande omstende" i praksis er å forstå slik at det blir lagt opp til ei relativt brei vurdering. Sjølve drapshandlinga vil stå sentral, men også bakgrunnen for handlinga, den domfelte sitt subjektive forhold og etterfølgjande omstende skal også leggast vekt på. Ettersom ei kvar straffbar drapshandling nesten utan unntak er brutal og gruoppvekkande i seg sjølv, må det kome ein god del meir til for å kunne konkludere med at det ligg føre "særleg skjerpande omstende". Sitat slutt.

Under ein viss tvil

Etter ei samla vurdering har fleirtalet, om enn under ein viss tvil, kome til at paragrafen for "særleg skjerpande omstende" ikkje skal nyttast.

Ein samla lagmannsrett har merka seg at den tiltalte rett etter slaga var utført, ringte til politiet. Han opplyste då kva han hadde gjort, og sa at det hasta med hjelp. Han har heile tida angra sterkt på det han har gjort. Valden fann også stad under affekt. Men desse omstenda kan ikkje få nemneverdig betydning ved straffeutmålinga.

Lagmannsretten kom måndag 27. oktober til at ei passande straff er fengsel i 13 år, og med frådag for 365 dagar som den skuldige har site i varetekt.