Ann-Christin Bonde Helliksen, barnehagekonsulent i Ulstein kommune, fortel at 49 prosent av barnehagane i Noreg ikkje oppfyller kravet til pedagogar i barnehagen utan dispensasjonar. Difor er det ei nasjonal satsing å rekruttere fleire til relevant utdanning for barnehagar, og for å få behalde dei som har teke utdanning i jobben.

I Ulstein er det for tida seks mellombelse dispensasjonar i barnehagane. Fire er gjeve for dette barnehageåret. I Hareid er det til saman 3 dispensasjonar, til saman 1,7 årsverk. Mariann Båtnes, rådgjevar i Hareid kommune, seier at ingen av dei kommunale barnehagane i Hareid har inne dispensasjonar dette barnehageåret. Dei fekk søkjarar til alle stillingane dei lyste ut.

– Hareid har fått ein del søkjarar som har flytta heim til distriktet eller som vil flytte heim, fortel Båtnes.

Ofte vikar for permisjon

Barnehagane som søkjer om dispensasjon frå utdanningskravet gjer det ofte for at dei slit med å skaffe kvalifisert vikar medan førskulelærar er ute i svangerskapspermisjon. Det kan også vere problem ved utviding av tal på stillingar.

Før barnehagen får dispensasjon må jobben som pedagog ha vore lyst ut. Om dei ikkje får napp blir kvar søknad handsama individuelt. Ei samla vurdering avgjer om vikaren er eigna til å gå inn i jobben.

Korkje Båtnes eller Helliksen kjenner til at kommunane nokon gong har gjeve avslag på søknad om dispensasjon.

Blir arbeidd med

Både Hareid og Ulstein kommune freistar leggje til rette for kompetanseheving mellom tilsette i barnehagane og for at barnehagetilsette skal ta barnehagelærarutdanning.

– Det er behov for barnehagelærarar lokalt, slår Helliksen fast. Det gjeld både lokalt og nasjonalt. Ho legg til at Ulstein kommune har eit godt samarbeid med dei private barnehagane. Dei formidlar aktuelle tilbod både til private og den kommunale barnehagen.

I samarbeid med barnehagenettverket tilbyr dei kompetansehevingskurs for assistentar, alle barnehagane får tilbod om fagdag, dei er med i eit opplegg for nyutdanna og dei freistar leggje til rette for ulike utdanningsløp ved sidan av jobb.