På sine eigne nettsider melder Norled tysdag ettermiddag om at tekniske problem skal vere årsaken til at Hareidruta opererer med ei forseinking i ruta på om lag 30 minutt. Norled melder også om at anløp på Valderøya blir kansellert av same årsak. Flybussen vil difor i dette tidsrommet gå frå Ålesund til Vigra og motsett.

Etter planen vil sambandet vere i ordinær rute igjen frå og med 20.35-avgangen.