Torsdag var det oppstart for klubben Seniornett Hareid.

- Fyrste samling var godt besøkt. I tillegg fikk vi besøk av Melinda Skeide, banksjef i Sparebanken Møre på Hareid. Ho hadde med noko som gav oss økonomisk moglegheit til å installere trådlaust nett på sentralen. Banken har gitt 21.000 kroner til dette formålet, noko vi er svært glade og takknemlige for, seier Heidi Kvalsvik, dagleg leiar ved Hareid Frivilligsentral.

Kvalsvik fortel at banken med dette har bidrege til at dei kunne starte denne møteplassen, med PC som felles interesse. Eit kurs i bruk av nettbank kjem banken også til å tilby etter kvart.

- Eg vil samstundes gi ein ekstra takk til dei fire som er frivillige veiledarar, Jorunn Hareide, Pernille Vågen Brandal, Jostein Hareide og Inge Saunes.

Avtale med Seniornett Oslo

Frivilligsentralen har inngått ein avtale med Seniornett Oslo om å starte ein klubb, med namnet Seniornett Hareid. Seniornett er ei ideell foreining, med mål om å bidra til at seniorar (aldersgruppa frå 55 og over) deltek aktivt i IKT og nettsamfunnet.

- Vi lever no i eit samfunn der kunnskap om telefoni, data og nett-tenester er svært viktig, og behovet for opplæring, særleg blant eldre, er naudsynt. Informasjonen som blir formidla gjennom internett, tenester som nettbank, e-handel ogs så vidare, blir utilgjengelig for dei som ikkje har kunnskap om bruk av nettet, seier Kvalsvik og legg til:

- Dessverre er kunnskapane framleis begrensa i dei eldre aldersgruppene, noko som kan komplisere kvardagen og føre til at vi får eit markert skilje i befolkninga mellom IT-kyndige og dei som står utanfor. Ei slik inndeling ynskjer vi ikkje. Vi håpar difor at mange vil benytte seg av dette tilbodet.