Vikebladet Vestposten har fått melding om slik lukt både i Ulstein og Hareid. Møre-Nytt skriv om det same i Ørsta.

Spørsmålet er om det er Bardarbunga-vulkanen på Island som har skulda eller om det kan vere «frukter» av torevêret som raste over Sunnmøre i morgontimane.

Det same skjedde nemleg tidleg i oktober. Men då vart svovellukta registrert først og fremst i Romsdal, t.d. i Molde. Den gongen var det ikkje torevêr – og dermed fekk vulkanutbrotet på Island skulda.

Denne gongen frikjenner vakthavande meteorolog i Bergen vulkanen, i følgje Mørenytt.

Men det spørst om han spår rett. Vulkanen på Island går nemleg stadig med full kraft og spyr ut svovelhaldig damp i store mengder kvar dag. Den islandske vêrvarslinga går kvar dag ut med åtvaringar om kva område på Island som kan vente seg mykje svovel i lufta – alt etter vindretningane.

At noko av denne dampen no og då kjem over til Norge og blir oppfatta av kjenslevare naser, er vel ikkje utenkeleg.

I Mørenytt har elles Liv Hasund fortalt at då ho bodde på Austlandet som lita jente vardet kjekkaste ho visste å springe ut etter torevêret for å lukte.

- Det er same lukta som er her no. Det er som ei fersk fyrstikk, og særleg når torevêret har vore så nært og så intenst som det var i natt. Eg har ikkje kjent det her i området før, men eg meiner bestemt at det er dette som må vere årsaka, seier ho.