- Vi gratulerer og gler oss over å ha fått Hødd Handball med på MOT-laget i Ulstein, seier MOT-koordinator Marie Flatin.

Gjennom programmet MOT i fritid har to av Hødd Handball sine trenarar vore gjennom ei fire timar lang skulering med fokus på MOT sine grunnverdiar MOT til å leve, bry seg og seie nei. I tillegg har dei fått nokre verktøy dei kan bruke i jobben som trenarar.- Sjølv om det berre var to deltakarar med på denne første skuleringa i vår regi fekk vi mange gode diskusjonar. Eg er ikkje i tvil om at vi er godt rusta for eit varmt og trygt oppvekstmiljø om vi i tillegg til MOT-programmet i 7.-10.klasse har fokus på dei gode MOT-verdiane også på fritidsarenaen, held Marie fram. - Godt MOT-program- Vi ønskjer å ha eit lag der alle behandlar kvarandre bra, at vi verdsetter kvarandre for dei personane vi er. Draumen er at handballen skal gi gode ungdomsminner for alle, seier sportsleg leiar Kjersti Westrum Flø i Hødd Handball.Ho er skulert MOTivatør og har saman med jentelaget fødde i 2002 signert avtale om å vere aktiv medspelar i Ulstein – Lokalsamfunn med MOT.- Programmet til MOT er godt, og legg til rette for å få fram flotte verdiar. Hødd Handball ønskjer at alle ungdomslag på sikt blir MOT-lag, held Kjersti fram.

Betre sjølvtillit med MOTMari-Ellen Løseth er den andre trenaren i Hødd Handball som er skulert MOTivatør. Hennar J16-lag med jenter fødde i 1999 og 2000 kan no spele kampar med MOT-logo på drakta.- Dette J16-laget er godt rusta til å bli eit godt MOT-lag med tanke på at tre av spelarane er Ungdommar med mot gjennom MOT sitt skuleprogram, fortel Marie.Desse jentene er ikkje i tvil om at dei med MOT har fått betre sjølvtillit:

- MOT hjelper oss i høve korleis vi skal vere mot kvarandre, samstemmer Anna Ulfstein og Astrid Oline Roppen, som er Ungdom med mot og spelarar på J16-laget.

Kven kan bli MOT-lag?MOT er godt forankra som skuleprogram ved Ulstein ungdomsskule. Målet no er å få det like godt forankra i lag og organisasjonar for ungdommar i alderen 12-25 år.- MOT-verdiane er like viktige på fritida som i skuletida, understrekar Marie.Kven som kan bli aktive medspelarar gjennom MOT i fritid? - Det er sjølvsagt ikkje kven som helst. Det må vere eit lag som ønskjer å bli det, med ein trenar eller leiar som etter beste evne etterlever MOT sine gode verdiar, held Marie fram.- Slik som Mari-Ellen. Ho er støttande, positiv og engasjert som trenar, fortel Astrid Oline og Anna.

- Ta kontakt!Ungdommar som meiner dei har ein slik leiar, og som ønskjer å vite meir om kva det inneber å bli ein del av Ulstein sitt MOT-lag: - Ta kontakt med meg, oppmodar MOT-koordinator Marie Flatin.Ho understrekar at det å bli med som aktive medspelarar ikkje kostar noko økonomisk. - Det er heller ikkje berre for idrettslag, men også for andre typar organisasjonar der ungdommar er med, avsluttar MOT-koordinatoren.