Onsdag rundt klokka 18.30 vart ein mann i 20-åra frå Litauen pågripen i Ulsteinvik etter å ha vore på tjuvraid i butikkar.

Mannen skal ha satt på sprang etter at ein alarm gjekk av, men politiet kom raskt etter og kunne etter kort tid ta hand om tjuven.

Vitne og videoovervaking stadfesta at rett mann var pågripen.

Han vart avhøyrd og tilstod tjuveriet.

Juristen skreiv ut eit forelegg på 1500 kroner for naskeri.

Politiet følgde med tjuven til næraste minibank, og han betalte forelegget med det same det var forkynt.

Ifølgje politiet har mannen vore innom to butikkar og stole med seg klede.

Denne saka har ingen ting med ransforsøket same kveld i Ulsteinvik å gjere, opplyser politiet.