I morgon, fredag 31. oktober, er det Halloween. Ein del born nyttar då høvet til å gå knask-eller-knep på dørene. Men det er ikkje berre naboar som blir skremde av mørke skikkelsar, og mange bilistar får seg ein støkk.

- I mørke kostyme og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få aug på borna, sjølv med gatelys, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

Risikoen for å bli påkøyrd i mørkret blir redusert med heile 85 prosent om du nyttar refleks. Sjølv om barnet ser bilen, ser ikkje alltid bilisten barnet.

- Kle borna med refleks eller sy inn refleksar i kostyma. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for borna å bruke refleks, tipsar Voll.

Mange har refleksar liggjande i skuffer og skap til inga nytte. Om du har nokon til overs, og får besøk på døra av utkledde skrømt og monster utan refleks, kan du sende med dei refleks i lag med gotteriet så dei går trygt vidare ut i mørkret.

Utan refleks er du synleg først på 25-30 meters hald. Det vil seie at ein bilførar som køyrer i 50 km/t berre har ca. to sekund å reagere på før det smell. Med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen brukar nærlys. Med fjernlys kan bilføraren sjå deg på 400 meters avstand. Desse ekstra sekunda er nok til at bilføraren har tid til å reagere og liv kan reddast, minner Voll om.