I eit skriv til planutvalet i Hareid kommune ber Vidar Vollsæter på vegner av legane ved Hareid Legesenter om å få hand om ei tomt vest for dagens senter med tanke på nybygg og nye lokale der.

Vollsæter skriv at legane har vurdert plassituasjonen i fleire år. No synest legesituasjonen i kommunen å vere så pass stabil at  dei vil prøve å få til ei utviding.

Det blir foreslått å reise eit fire etasjars bygg med leilegheiter i dei to øvste etasjane, legesenter i 2. etasje (med plass til også psykolog og turnuskandidat) og helsestasjon i 1. etasje.