I eit brev til Hareid kommune purrar Remi Brandal på dei vedtekne trafikktryggingstiltaka i Hovlidvegen på Hareid.

Brandal viser til at kommunestyret 19. juni i år vedtok å gjennomføre tiltaka hausten 2014. Ettersom det framleis er mykje stygg køyring i Hovlidvegen håper han at fartsdemparar snart kjem på plass.

– Det er mange som lurer på status, skriv Brandal og ber om tilbakemelding innan 28. oktober.

Innbyggjarane langs Hovlidvegen har sidan 2012 fleire gonger varsla om utrygge forhold for borna. Mange bilar køyrer fort, og foreldra fryktar det skal skje ei ulykke.