Åttande klassingane ved Hareid ungdomsskule fekk i førre veke ei innføring i livreddande førstehjelp. Inndelt i grupper på 15 elevar fekk kurshaldar Jon Oli Arnason tid til å lære elevane korleis dei kan prøve å berge folk ved ulike typer sjukdom eller ulykker.

- Eg er oppteken av at alle aldersgrupper skal  lære førstehjelp, og på den måten kunne berge liv og handtere akutte situasjonar, forklarer Arnason.

Kurset går ut på å øve mest mogleg på dei tiltaka som skal gjerast i ein akuttsituasjon.

Til dagleg er han ambulansesjåfør, men driv i tillegg firmaet Førstehjelp for deg.

Rektor Siv Marit Kaldhol meiner det er viktig akt unge lærer seg førstehjelp. Det er andre året på rad det blir gjennomført førstehjelpskurs for åttandeklassingane ved Hareid ungdomsskule, og dersom det også neste år blir høve til eit slikt kurs, har alle elevane vore gjennom tre timar med livreddande førstehjelp.

Saniteten og Sparebanken Møre Hareid

Det er Hareid Sanitet som står som arrangør for kurset både i fjor og i år. Pernille Brandal fortel at Saniteten har fått mange positive tilbakemeldingar på kurset både frå skulen, elevane og foreldra.

- Vi ville derfor prøve også i år, forklarer ho.

Hareid Sanitet har fått med seg Sparebanken Møre avdeling Hareid på sponsorsida.

- Vi satsar på barn- og unge, så eit førstehjelpskurs for ungdom går rett inn i målgruppa vår, forklarer Sonja Dimmen i Sparebanken Møre.