Utekontakta var eit frivillig tilbod for ungdom mellom 13-25 år. Eit tilbod som ikkje er å finne lenger i Ulstein eller Hareid.

– Vi veit per i dag ikkje kvar saka står. Har det vore kontakt med dei andre kommunane, har vi fått noko svar? Dersom det har vore negative svar, jobbar så Ulstein kommune med dette åleine, seier Hanne Notøy i Ulstein Arbeidarparti.

Ho og dei andre kommunestyremedlemmene i Ulstein Ap hadde tysdag førebuingsmøte før kommunestyret samlar seg torsdag.

– Spørsmålet om Utekontakta stiller vi fordi det snart er eitt år sidan førre budsjetthandsaming, der mellom anna Utekontakta var eit heitt tema, seier ordførarkandidat for Ulstein Ap, Magne Grimstad jr.

UAP fortel at dei forstår og veit at Utekontakta åleine ikkje kan løyse heile utfordringa ein har i Ulstein, men det kan bidra førebyggande. Førebyggande er alltid billegare enn å reparere, fortel Grimstad jr.

– Vi seier ikkje at det skal vere ei Utekontakt, vi spør berre korleis og om vi kan få det til, seier Hanne Notøy og legg til:

– Vi ynskjer mest av alt at vi hadde fått i stand eit interkommunalt samarbeid. Vi snakkar ofte om kommunegrensene, og kvar dei skal gå. Sanninga er at for ungdom finnast det ikkje grenser. Vi ser at ungdommane flyttar og er saman over kommunegrensene, så det beste hadde heilt klart vore om vi fekk til eit interkommunalt samarbeid.

– Ein del av løysinga

Arbeidarpartiet ynskjer å få fokus på dette, og få tydeleggjort kva Ulstein som kommune kan gjere.

– Ulsteinvik har bystatus, bypreg, og vi ser i samband med det at utviklinga fører med seg uønska element, urbanisering og trekk ein gjerne berre ser på større plassar. Vi ser at vi må gjere noko, og kanskje kan det å få på plass Utekontakta igjen vere ein del av løysinga, seier Magne Grimstad jr.

I ly av fleire alvorlege hendingar i distriktet siste tida, samt resultata frå Ungdata, ber Ulstein Arbeiderparti no om at det i fyrste kvartal av 2015 vert avhalde stormøte i forkant av eit kommunestyremøte der Rusforebyggande arbeid er tema. Partiet håper ordføraren ser viktigheita av eit slikt møte, noko han skal få svare på under kommunestyremøtet torsdag kveld.