Hege Tretnes er rektor ved Harei skule, ein av skulane på Hareidlandet som nyttar Lions-prosjektet «Det er mitt val», mellom anna for å motverke mobbing og styrke relasjonane mellom elevane.

– Ein ting er at det er lovpålagt at alle skular skal ha ein form for haldningsskapande arbeid, og Lions sitt prosjekt har dokumentert verknad, ifølgje Utdanningsdirektoratet. Det, og at det er gratis for oss å nytte, er grunnane til at vi valte dette opplegget. Dei arrangerer gode kurs, og har også god oppfølging med oss. Vi er veldig nøgde med samarbeidet med Lions, seier Tretnes.

Timeplanfesta

Tretnes fortel at ho og lærarane ved Hareid skule jobbar med «Det er mitt val på ulike måtar».

– Vi har timeplanfesta det, på alle alderstrinn, der ein skal jobbe med dette ein time kvar veke. Vi har også eigne koordinatorar. Dersom vi til dømes ser at det går litt trått i ei gruppe innanfor ei klasse, så kan vi ta denne ut, og nytte litteraturen og det vi har lært på kursa for å knyte elevane saman igjen. Dette går fyrst og fremst på det å drive førebyggande arbeid.

Kommunikasjon

– Det er betre å bygge opp barn, enn å reparere vaksne.

Det seier Tor Erik Sundby i Lions Ulstein og Hareid. Han fortel at «Det er mitt val» handlar om tema som sosiale ferdigheiter, samspel, relasjonar, kommunikasjon, empati, sjølvkjensle, ansvar, elevmedverknad, rusmiddel, mobbing og foreldra si rolle.

– Det handlar i botn og grunn om det å lære å kommunisere. I dagens samfunn set ein seg i større grad inn i båsar, ein snakkar ikkje så mykje med kvarandre lenger. På desse kursa har vi øvingar der ein lærer seg å konversere og kommunisere med andre menneske, seier Tor Erik Sundby.

Mobbing er noko av det viktigaste haldningsarbeidet skal ta opp kampen mot.

– Mobbing kjem ofte av at folk ikkje kjenner kvarandre. Lions har gitt oss ei leikebok, med leikar som gjer at ein blir kjende med kvarandre på ein ny måte. Vi kan med desse bøkene og kursinga av lærarane våre bygge gode relasjonar mellom elevane våre, seier rektor Tretnes.